Västmannen

av Torvald Sund

Spilles i Theatercaféen

18.3.14 - 20.3.14

Varighet

1 time. Spilles uten pause

Priser

  • Ordinær

    150,-

  • Honnør

    150,-

  • Barn /
    student

    150,-

  • Grupper
    Over 10

    150,-

Gjestespill fra Teaterselskapet InnSpæll 18. – 20. mars 2014

Handels- og ferdavegane frå Trøndelag og austover til Jamtland er godt over 1200 år gamle, for Snorre skildrar dei brukt før Harald Hårfagres tid. Om vinteren gjekk vegane til Levanger og Marsi-martnan, eller Marsnesen (marsnen) som jamtane sa. Sommars dag gjekk handelsvegane til Trondheim og Sankt-Hans-martnan (Hestmartnan).

Monologen Västmannen er ei dikterisk skildring av ein forbondes martnasferd i 1877. Det vinter og ferda går til Levång, som jamtane sa. Denne forbonden frå Undersåker legg ut på si ferd over vinterfjellet med eit brennande hat til Staværingen som lurte han med ei tønne rotten spekesild førre året. No skal rottesilda hemnas! På ferda over Skalstufjellet råker denne forbonden ut for fleire uhell, men kvar gong er det ei hjelpande hand der. Desse hjelpsame hender og gode tankar gjer noko med forbondens hat, fram til hans møte med Staværingen.

Monologen blir framført på jamska, ei trøndsk dialekt som i motsetnad til bokmål og riksvensk tilhører den Vest-Nordiske språkgruppa, der m.a. nynorsk og islandsk hører heime. I dag er jamskan eit sterkt truga språk. Västmannen er slik, ikkje berre ein hyllest til forbonden si djerve vinterferd, men og til det jamska språket.

MEDVIRKENDE

Regi Arnulf Haga
Scenografi Erlend Haga
Konsulent Bo Oscarsson
Bearbeidet til jamsk talemål av Kicki Ylander