Gud smiler

av Olav Duun

Spilles i Teaterkjelleren

4.3.19 - 5.3.19

Varighet

Ca. 1 time. Forestillingen spilles uten pause.

Priser

  • Ordinær

    295,-

  • Honnør

    260,-

  • Barn /
    student

    160,-

  • Grupper
    Over 10

    230,-

Om børa som lettar når du finn nokon å føre livskampen saman med

Gud smiler handlar om ei urokkeleg tru på at livet vil deg godt; livet kan gi deg motbør, men du avgjer sjølv om du går under eller står imot.

Alle kjenner nokon som stadig råkast av motbør og som kjem borti saker det er umogleg å løyse. Saker det er umogleg å vri seg bort frå. Justin er sånn, ein ung mann som tidlig får merke at det å leve ikkje er for dei varaste av oss. Han miste far sin og vert tvinga til å ta mykje ansvar. Så døyr mor hans, og Justin er åleine. Men han har Rebekka, ungjenta han vaks opp i lag med og som kjennest mest som ei syster for Justin – eller gjer ho eigentleg det?

Det gjer vondt når dei andre gutane får auge på Rebekka. Det gjer vondt når Rebekka berre ser han som ein bror. Justin vert gift mesta på slump. Når også kona døyr, kjenner han verkeleg kor einsam han er. Medan dei fleste av oss ville lagt seg under dyna, let ikkje Justin tungsinnet knekke seg. Og til alt hell treff Justin og Rebekka kvarandre igjen, og no ligg alt til rette for at dei kan ta fatt på eit liv i lag.

Med Gud smiler fører Turnéteatret i Trøndelag sin Duun-trilogi til endes, der mindre kjende bøker vert løfta fram. Det er teater i si enklaste og mest kraftfulle form, der vekta er lagt på handlinga og teksten. Som i dei to føregåande framsyningane har Otto Homlung ansvar for manus og regi, og Asgeir Skrove har laga ny musikk til stykket.

Gjestespill fra Turnéteatret i Trøndelag 4. og 5. mars 2019