Helg

av Torvald Sund

Spilles på Teaterkjelleren

24.8.11 - 3.9.11

Varighet

1 time 15 minter. Spilles uten pause

Priser

Ordinær: 200,- Honnør: 180,- Barn / student: 150,- Grupper over 10: 180,-

For fyrste gong samarbeider dei tre store teatra i Midt-Noreg om ei framsyning som skal turnere i dei tre fylka. Nord-Trøndelag Teater, Teatret Vårt i Molde og Trøndelag Teater er stolte over å presentere ein norsk urpremiere på eit stykke som forankrar seg i kystfolket og utfordringane deira: Helg av Torvald Sund.

Handlinga tek til i ytre Trondheimsfjord. Gjennom fleire hundre år har sildefisket skapt stor vekst og velstand. Havets sølv har gjort tettstadane rundt utløpet av fjorden til viktige kraftsenter, økonomisk og sosialt.

Dette året blir silda borte. Det er vårjevndøger i ei tettfolka bygd i Stjørna. Bjørn, basen på sildesnurparen Stjørnfjell har vore på sjøen i fleire månader. I mangel av fangst får han no ei uventa frihelg heime. Der venter kona, Margit. Frihelga kjem litt for brått på dei både. Ho skal ta realskuleeksamen og treng tida til å få ferdig oppgåver som skal leverast. Sonen deira, Benjamin, som går framhaldskulen, er ute og rek. Margit veit ikkje riktig kor.

På eit knapt helgedøger vendast livet i denne familien opp ned. Fortid, notid og framtid snurpar seg saman til ein farleg malstraum som dei vert tvungne inn, og trekte ned i.

Torvald Sund sitt nye stykke er eit familiedrama kor mange vil kjenne att seg sjølv eller sine. Med røter i trøndersk forteljartradisjon, er dette ei historie om vilkåra for folk på kysten, om naturkreftene og ei tid med store omveltingar. Historia kviler såleis i arven frå Johan Bojer og Olav Duun.

Etter premiera og speleperioden på Trøndelag Teater skal framsyninga vidare til Teatret Vårt og Nord-Trøndelag Teater. Sjå teatretvart.no og nordtrondelagteater.no for spelestader og tidspunkt.